1. desember 2024
Gjennom Grasrotandelen er Norsk Tipping sine kundar med på å fordele noko av overskotet, utan at det kostar deg noko ekstra.
Er du ein av dei som framleis ikkje har valt Grasrotmottakar, eller vil byte til Stord Idrettslag?
Slik gir du klubben din grasrotandel:
Med SMS: Skriv «Grasrotandelen 976886429» til tlf. nr. 60000
Scan QR-koden på biletet under
Med Norsk Tipping sin app: Klikk på profil og vel Stord Idrettslag
som grasrotmottakar
Ved levering av tippekupong eller kjøp av Flax-lodd hos kommisjonær (butikk el. kiosk), be om å få registrert Stord Idrettslag
som din Grasrotmottakar
Din Grasrotandel gjer ein forskjell – takk for at du bidrar
