I veke 20–22 vert det litt annleis aktivitet i Stord Ishall. Handballfestivalen går av stabelen i pinsehelga, og då trengst det tid både til rigging, festival og nedrigging. Rulleskøyter må ta ein liten pause i mellomtida 😊
Me synest det er skikkeleg kjekt at hallen vert brukt til mykje forskjellig, og ønskjer alle spelarar, arrangørar og publikum lukke til med eit fantastisk arrangement! 🙌
Me opnar igjen for rulling onsdag 3. juni kl 16, og då håpar me å sjå både kjende og nye fjes tilbake i hallen 😄